Norddal mållag - språk og kultur

Norddal mållag er eit lokallag i Noregs Mållag, og er ein organisasjon
for alle i Norddal kommune som ønskjer å arbeide for dialektar,
nynorsk språk og kultur.

Nynorsk språk står sterkt i kommunen vår, men det er ikkje sjølvsagt 
at det skal vere slik. Sjølv om vi bur i det som blir kalla «kjerneområdet 
for nynorsk» er språket vårt heile tida under press utanfrå – særleg
gjennom media.

Norddal mållag ønskjer å styrkje medvitet om det nynorske språket, 
språktradisjonane i kommunen vår, og også det lokale kulturlivet.

Årboka for Norddal har dei siste 20 åra vore det mest handfaste
provet på arbeidet vårt, men vi har også arrangert temamøte
og bokkafear.

bruse.jpg

Godt namnevit

I 2009 delte vi ut ein pris for godt namnebruk i kommunen. 
Prisen gjekk til Muri Hytteutleige, som har kalla sanitærbygget
sitt «Brusehuset». Juryen likte at namnet hadde dobbel botn, og at
det er både kjekt og godt å seie. Namnet tek utgangspunkt i
namnet Muri-Bruse, som ifylgje Snorre var ein småkonge på Muri
på den tida Heilag-Olav flykta gjennom dalen. På same tid kan
ordet tyde «dusj» på dansk.