Årbok for Norddal 2015

Kortreist lesestoff – lang levetid

 

Stilisert bilete av jeger bak bogestilling ved Trollkyrkja

Illustrasjonen viser ein jeger ved eit bogestelle ved Trollkyrkja i valldalsfjella. Det er Eva Furseth som har prøvd å leve seg inn i korleis det kan ha sett ut for fleire tusen år sidan, da jegerar veida i fjellområda våre etter rein og anna vilt.

I 2011 vart det tilfeldig funne ein steinalderbisplass i Langfjelldalen. Utgraving av buplassen og datering av funnet viser at det vart drive reinsjakt i valldalsfjella for over 10 000 år sidan. Les den spennande historia om dei første menneska som kom til fjellområda våre.

I Årbok for Norddal 2015 finn du glimt frå storofsen i Ytterdal, reportasje frå Skredsenteret i Tafjord, rapport frå den tøffe turen til toppen av Storvasshornet, gjensyn med ebbespikaren, skridring av skiproduksjonen på Bruland og anna lødig, lærerikt, lett, lystig og lattervekkjande stoff.

Bestill årboka!

 
 

Årbok for Norddal 2013

ill_utskiping.jpg

Teikning frå ca. 1873 i eit tysk blad viser utskiping av titanjermalm frå Kvithamrane i Tafjord. Dei frakta stykkmalm med taubane ned til fjorden, og derfrå vart malmen skipa til England. Anlegga ved fjorden vart skylde bort i tafjordulykka.

I årets utgåve av årboka finn du historia om bergverksdrifta i Kvithamrane, avispioneren Johan Jørgen Krohn, fantegutane i Yddal, tamreinsdrift i fjella våre, dei tre Illstigane og Illstigvatna, Norddal Jarnarbeidsskule, kultivering av fiskevatn, og historier om vatn, fjell, myr og norddalingar i Sør-Afrika – blant mykje anna.

Bestill årboka!

 

Norddal i bilete III

Liv og arbeid i bygdene

I boknemnda vart det semje om å gi ut ei biletbok i 2012 i staden for ordinær årbok.Eit gjennomgåande tema i biletboka er livet og arbeidslivet i bygdene våre.Vi har også leita fram gamle bilete som vi  ikkje tidlegare har presentert. Det er alltid slik at at biletet fortel mykje meir enn dei mange ord!

Biletet frå Sylte omkring 1870–71 er sylskarpt og syner klart at her har det skjedd endringar – frå naustrekkene og opp mot moa. Eit bilete omkring 10 år seinare frå Fjørå. Tafjord 1919 og frå brislingfisket der i 1932. Ein plantedag på Rønneberg i 1934.

Same året  finn vi eit bilete av eit arbeidslag på Trollstigvegen. Ny kai vert bygt i Fjørå (etter  skredulykka)  Meieriveding i Herdalen 1943,  frå dugnadsarbeidet på vegen til same setra (ca 1960). Jordbryting i Heggen 1938-39, fløyting i Valldøla ca. 1920.

Gamle skulebilete, Ytterdal 1915, Muriskulen 1938 – familiesamling på Storås 1928 (Jakobgarden).- gamle hus og historiene om dei.Ikkje berre foto frå helg men også frå kvardagen!

Bestill biletboka!

 

Årbok for Norddal 2011

I nemnda Øivind Eide og Terje Linge128 sider. InnbundenPris kr. 200,00

Eit blyantportrett av Bakke-Ingebrigt laga av kunstmålaren  Ole T. Ytterdal pregar framsida av årboka i 2011.  Intervjuet med han  har ein sentral plass i denne boka.  Øivind Eide har også grave fram artige opplysningar  om kunstnartreffet i Eidsdal i 1945, nettopp hos Ole T. Terje Linge skriv om kva for tankar ein hadde omkring 1936 (eit årstal som lokalt innvarslar den nye tid) om den moderne turismen og utviklinga.

På fram- og baksida av boka ser vi teikningane av eit kombinert samfunnshotell og rådhus tenkt bygt på Sylte.Vi får eit møte med 80-åringane i Norddal – intervjua av dagens 10.-klassingar. Øvind Eide presenterer skuleavisa Blink frå Eidsdal.

Astor Furseth fortel om ferske funn av gamle klebersteinbrot i Eidsdal og også i Dalsbygda/Norddal.Elles er det henta ut mykje interessant stoff frå gamle arkiv, frå samtale-, ynglingeforeiningar, frå ungdomslag og losjar.

Vil du vite meir om veteranbåtane M/B ”Tafjord” og ”Ytterdal” finn du det her.Boka avsluttar med eit oversyn over kulturhendingar i dei to siste åra.

Bestill årboka!

 

Årbok for Norddal 2009 – lesestoff som varer

I 2009 gav Norddal mållag ut ei større årbok enn nokon gong tidlegare, og årboka inneheld artiklar artiklar som gjev næring til ettertanken, og artiklar som gjev trening til ansiktsmusklane:

Då Trollstigen blei opna offisielt av kong Håkon 7 i juli 1936, vart han køyrd av Hjalmar Aarønæs i ein Nash. I årets utgåve av Årbok for Norddal blir du teken med tilbake til den første bilparken vår, som fekk si byrjing med ein T-Ford kjøpt inn av Mons Kleiven i 1919.

Var det tyrkisktalande æser som grunnla Noreg, og kan vi framleis sjå spora etter dei i stadnamn, personnamn og sagaord? Per Eldar Linge fører oss inn i ei heilt ny verd med sitt perspektiv på Heilag-Olavs ferd gjennom Valldalen, og han viser korleis lokale stadnamn kan ha tyrkisk opphav.

Kva er opphavet til bygdenamnet Dalsbygda? Historikaren Bjørn Jonson Dale fører oss heilt tilbake til historia om Dale skipreide.

Bestill boka her.